bokSTAV
KUNSTPROSJEKT bokSTAV kunst for små barn 0-3 / 0-5 år, Bjørnsonfestivalen, Molde 2021
Det kan være vanskeleg å sjå små barn som eit kunstpublikum. Kunst for små barn blir ofte assosiert med barn som vert aktivisert i ulike leikeapparat. Å møte kunst som liten opnar for læring gjennom undring og mot til å vere nyfiken i møte med noko som er nytt og annleis. Kunstprosjektet bokSTAV handlar om det skapande, leikande, skrivande og lesande menneske. Kunstnarisk mål er å skapa eit rom for små barns undring, sansing og læring gjennom utforskande «leik» med bokstavane som objekt. Ein bokstav er bygd opp ved hjelp av «punkt, strek, flate», og i 3D vert bokstaven eit objekt i arkitektonisk form. Bokstavane «står» i boka, og boka er et arkitektonisk lesehus fundamentert på bokstavar og skrift .
Prosjektet er støtta av Bjørnsonfestivalen og Sparebankstiftelsen SMN.